ERC Grants har vorte ei svært viktig kjelde til finansiering av fri forskning, og er tilsvarande prestisjetunge. Dei kjem i tre versjonar – “Starting Grants” (to til sju år etter ph.d), “Consolidator Grant” (sju til 12 år etter ph.d.) , “Advanced Grants” (internasjonale toppforskarar) og ”Synergy Grants” (ny mekanisme for små forskargrupper). Instituttet var vertsinstitusjon for fire søknader til “Starting Grant” innan naturvitskap og teknologi i siste runde, og resultata ligg no føre. Fem søkarar frå Norge vann fram, fire av desse var frp vårt fakultet, og to var “våre” – Adriano Mazzini og Douwe van Hinsbergen, begge frå SFFen Physics of Geological Processes. Dette syner både kor dyktige PGP har vore til å rekruttere og utvikle unge internasjonale forskarar, og at UiO/Fakultet for matematikk og naturvitskap har etablert eit svært godt støtteapparat for søkarane. Adriano og Douwe får rundt 12 mill NOK kvar over fem år til prosjekta sine – vi gratulerer på det varmaste. Søkarane er ikke bundne til vertsinstitusjonen for gjennomføring av prosjekta, og Douwe har alt teke mot fyrsteamanuensisstilling ved Universitetet i Utrecht, som er hans Alma Mater.
Prosjekta er:
Douwe van Hinsbergen:
Subduction Initiation reconstructed from Neotethyan Kinematics: An integrated geological and numerical study of the driving forces behind plate tectonics. Acronym: SINK
Adriano Mazzini:
Lusi: a unique natural laboratory for multidisciplinary studies of focussed fluid flow in sedimentary basins. Acronym: LUSI LAB
Meir informasjon på Forskningsrådet sine heimesider, her.
I eit intervju med professor Hans Arne Nakrem publisert på heimesidene til Naturhistorisk museum og på 
