I dag, 21. mai, disputerar Martin Morawietz for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er “Statistical uncertainty processing for probabilistic streamflow forecasting – Parametric and non-parametric approaches based on an autoregressive error model” – eit sentralt tema innan hydrologisk modellering, og ikkje minst flomvarsling, som jo er eit heitt tema om dagen. Prøveforelesinga “Do different hydrological processes have different model error signatures? Comparing ice-melt-fed, snowmelt-fed and rainfall-fed floods” er ein utfordring – det er ei viktig problemstilling, men det er gjort overraskande lite forsking innan det feltet, så her får kandidaten noko å bryne seg på. Komité for disputasen er Dr. Vazken Andréassian, Hydrosystems and Bioprocesses Research Unit (HBAN), National Research Institute of Science and Technology for Environment and Agriculture (Irstea), Frankrike, Associate Professor Micha Werner, UNESCO-IHE Institute for Water Education/Deltares, Delft, Nederland og professor Bernd Etzelmüller frå instituttet. Rettleiarar er professor Chong-Yu Xu, professor emeritus Lars Gottschalk og professor Lena M. Tallaksen. Les meir om arbeidet til Martin her.
Arkiv for kategorien 'UiO'
Dagens disputas – hydrologiske modellar
Publisert 2013/05/21 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentMerkelappar:flom, forskerutdanning, geofag, hydrologi, klima, modeller
Quacq… what? Geofag på UiO gjer det bra på QS-rangeringa
Publisert 2013/05/09 Funderingar , UiO Leave a CommentMerkelappar:geofag, geografi, rangeringar og evalueringar, universitetsranking
Trass i det spesielle namnet er Quacquarelli Symonds-rangeringa (QS) den mest interessante av dei store universitetsrangeringane på institituttnivå. Dette fordi dei går ned på fagdisiplin-nivå. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. 2013-rangeringa er no publisert, og mellom anna plukka opp av Aftenposten: “Norske universiteter best i historie, geografi og medievitenskap”.
Det er rett at Universitetet i Oslo gjer det best i samfunnsvitskap og humaniora, og er inne mellom dei 50 beste miljøa i verda innan kommunikasjon og mediastudier, historie, geografi, pedagogikk og statsvitskap. Når det gjeld naturvitskapane er biletet meir variabelt. Geofag – “Earth & Marine Sciences” – gjer det bra. Vi ligg mellom plass 50 og 100 (QS-rangeringa har berre nummerert liste på dei 50 på topp) – best av dei norske miljøa, og saman med København og Uppsala av dei skandinaviske universiteta. Det er ingen skandinaviske universitet mellom dei 50 beste.
UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen - er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? “Earth and Marine Science”-rangeringa til QS finn du her.
CEED startar opp
Publisert 2013/03/01 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentMerkelappar:CoE, geodynamikk, geofag, geofysikk, geologi, klima, SFF
I dag 1. mars, ein månad etter at Physics of Geological Processes runda 10 år og dermed forlet statusen som Centre of Excellence startar CEED – Senter for Jordas utvikling og dynamikk opp under leiing av professor Trond Helge Torsvik. Senteret har fylgjande hovedtema: Jordas djupe indre, Jordas dynamikk, Jordas miljøkriser, Jorda og naboplanetane og i tillegg til dette numerisk modellering og visualisering som ein sentral aktivitet. Les meir om senteret her.
Vi seer fram til eit nytt tiår med internasjonal toppforsking!
Nytt gamalt kontinent
Publisert 2013/02/25 Fagnytt , Instituttsaker , UiO 1 CommentMerkelappar:CEED, geodynamikk, geofag, geofysikk, geologi, PGP
I en artikkel i Nature Geoscience samlar Trond Torsvik og medarbeiderar prov for at det under havryggen frå Reunion, Mauritius og nordover i det Indiske Hav ligg ei oppbroten kontinentalplate. Plata vart reven laus som ein rest frå dei hovuddelene då den indiske kontinentalplata skilde lag med Madagaskar for 83 millionar år sidan. Dei døyper dette oppbrotne mikrokontinentet Mauritia. Det er ikkje eit opplagt reisemål, ettersom det er dekka av kilometer av basalt frå vulkanar i midhavsryggene her. Seychellane er derimot er granittiske og ein liknande kontinentalrest, om frå eit anna område.
Forfattarane baserar seg mellom anna på datering av zirkon-krystallar frå strendene på Mauritius – desse visar seg å vere rundt ein milliard år gamle og truleg transportert opp med lavaen, på bestemmelse av tjukkleiken av jordskorpa i dette området (25-30 km, mykje tjukkare enn vanleg havskorpe, og på modellering av platerørsle. Vi gratulerar med ein flott opptakt til Centre for Earth Evolution som startar opp 1. mars!
Trond H. Torsvik, Hans Amundsen, Ebbe H. Hartz, Fernando Corfu, Nick Kusznir, Carmen Gaina, Pavel V. Doubrovine, Bernhard Steinberger, Lewis D. Ashwal & Bjørn Jamtveit (2013) A Precambrian microcontinent in the Indian Ocean. Nature Geoscience DOI: 10.1038/
Figurutsnitt fra artikkelen
Geofag og biologi
Publisert 2013/01/21 Fagnytt , Funderingar , UiO Leave a CommentMerkelappar:biologi, fiskeøgler, fossiler, geofag, geologi, paleontologi, priser
Mange ser på geofag og biologi som to skilde deler av verda, med lite kontakt. I røynda er det mykje overlapp og aukande fagleg kontakt – til dømes innan klimaforskinga, dei biogeokjemiske syklusane (t.d. vatn, karbon) og ikkje minst innan paleontologien (makro- og mikro-). Den som i år vann Norske Shell Geopris for beste presentasjon av masterarbeid ved Den geologiske vinterkonferansen var Aubrey Roberts, bachelor i biologi og nå masterstudent ved Institutt for biovitenskap med Jørn Hurum ved Naturvitenskapelig Museum som rettleiar. Foredraget og masterarbeidet hennar er “Characterization of a new Ophthalmosaurid ichtyosaur from the Upper Jurassic of Spitsbergen”. Les om tildelinga på Geoforskning.no, og Aubrey si forteljing om korleis ho hamna i eit gjørmehol på Svalbard saman med geologar og forhistoriske fiskeøgler på masterbloggen hennar.
Vi gratulerar på det varmaste!
Foto: Halfdan Carstens
Brøggerprisen til Roy Helge Gabrielsen
Publisert 2013/01/10 Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentMerkelappar:geofag, geologi, priser
Vinterkonferansen 2013, geologane sin viktigaste nasjonale møtestad, går mot slutten, og Norsk Geologisk Forenings heiderspris, Brøggerprisen, gjekk i år til professor Roy Helge Gabrielsen. Dette er ei utmerking som heng høgt, statuttane er som fylgjer:
§1 Brøggerprisen (NGFs Hederspris) er opprettet av Norsk Geologisk Forening og tjener følgende formål:
a) Prisen skal tjene som en æresbevisning til en geolog som har bidratt på en unik måte til forståelsen av norsk geologi eller geovitenskap generelt.
b) Prisen skal hjelpe til med å forbedre profileringen av norsk geologi i samfunnet, tatt i betraktning den betydning geofagene har for norsk økonomi og samfunnsutviklingen generelt.
§2 For å komme i betraktning må kandidaten oppfylle følgende betingelser:
a) Kandidatens har gjennom en livslang innsats bidratt på faglig høyt nivå vedrørende norsk geologi eller geovitenskap generelt.
b) Kandidatens arbeid må inneholde nye og vesentlige bidrag til forståelsen av norsk geologi, og/eller geovitenskap generelt.
Les meir om tildelinga på geoforskning.no.
Vi gratulerar på det varmaste!
Tverrfagleg klimaforsking i fjellet
Publisert 2012/12/01 CIENS , Fagnytt , UiO Leave a CommentMerkelappar:biologi, freskvann, geofag, klima
I det siste A-magasinet (nr 48) tek Halvor Hegtun for seg historia bak ein artikkel i Freshwater Biology: “Climate-driven range retraction of an Arctic freshwater crustacean”, forfattarar Markus Lindholm, Frode Stordal, Jannicke Moe, Dag O. Hessen og Per Aass. Per Aass (emeritus på Naturhistorisk museum) kartla på fjellturane sine på tidleg 70-tal utbreiinga av tusenbeinkrepsen (brachinecta paludosa) i nordre del av Langfjella (sørgrense ved Besseggen). Nå, 40 år etter, har forskar Markus Lindholm på NIVA med kollegaer gått i fotefara til Per Aass og funne store endringar i utbreiinga av det vesle krepsdyret. Professor Frode Stordal ved Institutt for geofag har analysert klimaendringane over samme periode, og finn ei endring på 1.3 grader, som tilsvarer ei høgdendring på rundt 200 m. Endringa i utbreiingsmønsteret til krepsen er konsistent med endringane i klimaet.
Interessant lesnad, god forskningsjournalistikk og eit godt eksempel på samarbeid mellom fagmiljøa i CIENS og UIO (NIVA, Institutt for geofag, Biologisk institutt og Naturgeografisk museum. og mellom forskargenerasjonane. Ikkje minst syner dette kor verdfulle godt systematiserte gamle data og feltobservasjonar er, og kor viktig det er å ta vare på slikt datatilfang.
Plansjen: G.O.Sars si teikning av tusenbeinskrepsen, 1890-talet. Creative Commons. Unn deg ein titt på detaljane!
Trond Torsvik vinn fram att!
Publisert 2012/11/12 Fagnytt , Finansieringskjelder , Instituttsaker , UiO Leave a CommentMerkelappar:CoE, forskningsfinansiering, geodynamikk, geofag, geofysikk, geologi, SFF
Mellom dei trettan nye SFFane – Senter for framifrå forsking – som Forskingsrådet delte ut i dag er Trond Torsvik sitt Centre for Earth Evolution and Dynamics, ei storfelt satsning på å vinne ny innsikt i dei store prosessane i jorda. Trond og den store internasjonale forskargruppa hans har gjort eit imponerande arbeid med søknaden som no har vunne fram i ein beinhard konkurranse, og som sikrar ei solid grunnfinansiering i ti år framover. Institutt for geofag gledar seg stort til å vere vertskap for senteret!
Samtidig gledar vi oss over at geofaga gjer det godt også ved denne tildelinga, Ved Universitetet i Tromsø får Jürgen Mienert senteret “Centre for Arctic Gas Hydrate, Environment and Climate”, og ved Universitetet i Bergen har Nikolai Østgaard vunne fram med “Birkeland Center for Space Science”. Nok eit prov på at norsk geofagleg forsking stå sterkt internasjonalt!
Forskningrådet om prosessen:
Forskningsrådet er imponert over nivået på SFF-søknadene. Konkurransen har vært knivskarp. Hele 139 forskningsmiljøer søkte om å bli et SFF. Av disse ble 29 vurdert som så gode at de gikk videre til den siste, avgjørende runden. Bare tretten slapp gjennom nåløyet, etter en grundig og tidkrevende søknadsprosess.
ERC Advanced Grant til Andreas Kääb
Publisert 2012/10/30 Fagnytt , Finansieringskjelder , Instituttsaker , UiO Leave a CommentMerkelappar:ERC, fjernmåling, geofag, geografi, glasiologi, klima
Andreas Kääb, professor i naturgeografi ved Institutt for geofag, har fått innvilga Advanced Grant-prosjektet “Global Glacier Mass Continuity – ICEMASS” frå European Research Council. Prosjektet tek mål av seg til å kartlegge og analysere endringane i bremasse ved hjelp av fjernmåling (laser og radar frå satelitt) og kombinere dette med digitale terrengmodellar med tanke på etablere ein global massebalanse for brear. Dette vil vere eit viktig bidrag til å kartlegge klimaendringar, til å fastlegge verknaden av bresmelting på havnivåendringar, til å kvantifisere tilskotet frå bre til vassføring i elvane, og betre modellane for isostatiske endringar.
Advanced Grants er reine grunnforskningsprosjekt over fem år, med ei øvre råme frå ERC på 3,5 mill EUR. Desse topp-prosjekta har høg presisje i forskningsmiljøa, og dette er det andre geofag-tildelingen av Advanced Grants på UiO – det fyrste var Trond Torsvik sitt prosjekt “Beyond Plate Tectonics”.
Vi gratulerer Andi og gruppa hans – og solar oss i atterskinet!
ERC Advanced Grants allow exceptional established research leaders of any nationality and any age to pursue ground-breaking, high-risk projects that open new directions in their respective research fields or other domains. The ERC Advanced Grant funding targets researchers who have already established themselves as independent research leaders in their own right. European Research Council

