To ERC Starting Grant-vinnarar!

ERCERC Grants har vorte ei svært viktig kjelde til finansiering av fri forskning, og er tilsvarande prestisjetunge. Dei kjem i tre versjonar – “Starting Grants” (to til sju år etter ph.d), “Consolidator Grant” (sju til 12 år etter ph.d.) , “Advanced Grants” (internasjonale toppforskarar) og  ”Synergy Grants” (ny mekanisme for små forskargrupper). Instituttet var vertsinstitusjon for fire søknader til “Starting Grant” innan naturvitskap og teknologi  i siste runde, og resultata ligg no føre. Fem søkarar frå Norge vann fram, fire av desse var frp vårt fakultet, og to var “våre” – Adriano Mazzini og Douwe van Hinsbergen, begge frå SFFen Physics of Geological Processes. Dette syner både kor dyktige PGP har vore til å rekruttere og utvikle unge internasjonale forskarar, og at UiO/Fakultet for matematikk og naturvitskap har etablert eit svært godt støtteapparat for søkarane. Adriano og Douwe får rundt 12 mill NOK kvar over fem år til prosjekta sine – vi gratulerer på det varmaste. Søkarane er ikke bundne til vertsinstitusjonen for gjennomføring av prosjekta, og Douwe har alt teke mot fyrsteamanuensisstilling ved Universitetet i Utrecht, som er hans Alma Mater.

Prosjekta er:

Douwe van Hinsbergen:
Subduction Initiation reconstructed from Neotethyan Kinematics: An  integrated geological and numerical study of the driving forces behind plate tectonics. Acronym: SINK

Adriano Mazzini:
Lusi: a unique natural laboratory for multidisciplinary studies of  focussed fluid flow in sedimentary basins. Acronym: LUSI LAB

Meir informasjon på Forskningsrådet sine heimesider, her.

About these ads

1 Tilbakemelding til “To ERC Starting Grant-vinnarar!”


  1. 1 Morten Dæhlen 2012/07/16 ved 20:18

    Dette er hyggelig lesing. Gratulerer til Institutt for geofag og PGP!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s





Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

%d bloggers like this: