Ute på prærien i Midt-Vesten, i Iowa, ligg Decorah, ein liten “norsk” by med vel 8000 innbyggarar. For norskamerikanerar er byen særleg kjent for Decorah-Posten, norsk avis som vart utgjeven frå 1874 til 1972, slektgransking på biblioteket, og Luther College. Luther College vart grunnlagt av norske innvandrarar i 1861 og feirar dermed jubileum i år. Det er altså berre 50 år yngre enn UiO – rektor Ottersen har nett vitja dei i høve jubileet. Det er eit “liberal arts” college, altså bachelor-høgskule, og talet på studentar har vokse frå 16 til 2500. I januar tilbyr dei “danningskurs” for sisteårstudentar i utlandet. Ei av klassane, to lærarar og 25 studentar frå all slags fagområde, vitja oss i januar etter å ha vore i Tyskland og Danmark. Kurset var “Advanced Models of Sustainability”, som har fokus på fornybar energi. Hjå oss lærde dei om norsk vasskraft – produksjon og marknad, om konflikter rundt vasskraftutbygging og monstermastdebatten. Det var mitt tilskot. Vidare hadde dei forelesingar om smarte gatelys i Oslo og Hynor – den norske hydrogenvegen (frå Stavanger til Oslo). Dagen etter diskuterte dei Lofoten og oljeutvinning med Natur og ungdom. For den som måtte vere intessert: Kurset er på fire US credits og kostar 3800 USD …
Biletet: “Norse Nation”, frå heimesidene til Luther College.
0 Svar til “Vitjing frå prærien”