SFF-finalistane klare

16. mai offentleggjorde Forskningsrådet kven av søkadene som er innvitert til finalerunden i tredje generasjon Sentre for framståande forskning. Av 139 søknader har kvart av dei tre evalueringspanela (naturvitenskap/ teknologi – biovitenskap – humaniora/ samfunnsvitenskap) valgt ut maksimum ti kvar - 29 til saman. Konkurransen er hardare enn nokon gong – søknadane  er fleire og kvaliteten svært høg. For oss på Institutt for geofag er det særleg gledeleg at Trond Torsvik sin sentersøknad CEED – Centre for Earth Evolution and Dynamics er med vidare som ein av ti frå UiO. Vi gratulerer!

Andre geofag-relaterte søknader som er i finalen er Birkeland Center for Space Science, UiB, Centre for Radar Remote Sensing, UiT, Centre for Arctic Gas hydrate, Environment and Climate, UiT, Centre for Environmental Radioactivity, UMB, og Centre for Innovative Research in the Arctic Ocean, Nansensenteret. Med tanke på at berre ti søknader er med frå naturvitskap og  teknologi er dette ei ny stadfesting av den høge kvaliteten på geofagforskninga i Norge. Full liste hjå Forskningsrådet.  Desse konsortiene skal no bruke sommaren på å finpusse søknadane – fristen for endeleg søknad er 22. august.

Institutt for geofag var også sentral i andre søknader som ikkje har gått vidare til finalen. Innsatsen er ikkje bortkasta – desse søknadene legg grunnlaget for nye og innovative forskningsinitiativ.

Filmstjerner

Jon Ove om klimasystemetCICERO Senter for klimaforskning, Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) og Naturfagsenteret har saman med Snöball film laga tre kortfilmar om klima, av ein planlagt serie  på ti. Filmane er tenkt brukt mellom anna i skulen. Dei tre titlane som er klare er “Klimasystemet”, “Klimaforskning” og “Tiltak som verkar”.

Mellom “filmstjernene” finn me to forskarar frå instituttet, professorane Jon Ove Hagen (“Klimasystemet”) og Terje Koren Berntsen (“Klimaforskning”).

Biletet: Frå klimafilm.no

Gode søkartal for geofag

OpptakstalFørebels tal frå samordna opptak er no klare. Totalt er ein auke i søkarar på 6.6% frå 2011, for realfaga 11.2%.  UiO har ein generell auke på 5.2%

På studieprogrammet GGG - Geofag: Geologi, geofysikk og geografi er det 143 fyrstevalgssøkarar, opp 46% frå i fjor, og på FAM – Fysikk, astronomi og meteorologi 122, ein liten nedgang frå i fjor. Kvinnedelen er på 50% på GGG, 34% på FAM. Dette er ein fin auke for begge programma, i fjor var tala 44 og 30%. 

Vi ser liknande utvikling for dei andre lærestadene. Geovitenskap ved UiB har tilsvarande auke, 55%, medan Meteorologi og oseanografi har ein nedgang. Geologistudiet ved NTNU har ein auke på 58% og  geologistudiet ved UiT har nesten ei dobling av søkartalet, frå 30 til 54. Petroleumsfag ved NTNU toppar lista med ei tredobling av søkninga frå i fjor. Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram med den fine utviklinga på programmet Geologi og geofare, opp frå 17 til 25. Geomatikkstudiene syner noko varierande  utvikling - ved UMB aukar søkinga, medan den går noko ned ved Høgskolen i Gjøvik.

Rapportsida for samordna opptak finn du her, og søkartala for UiO her. Med 2.4 søkarar for kvar av dei 60 studieplassane på GGG og med den store interessa for geofag saman med den store etterspurnaden etter kandidatar innan faget ser vi at det ville vere fint om talet på studieplassar kunne aukast.

Studiekvalitet.no

Gruppearbeid på SVALEXTekna med samarbeidspartnerar (Telenor, Nordea, Abelia, NCE Systems Engineering Kongsberg, NHO, Microsoft, Civita, NIFU og Norsk Studentorganisasjon) har lansert nettsida studiekvalitet.no. Studentar og søkarar skal her kunne sjekke kvalitetsindikatorar på dei ulike studieprogramma og studiestadane. Eit godt tiltak – når vi vert evaluert på forskningskvalitet, og stadig vert ranka på internasjonale indeksar er det berre naturleg at vi blir evaluert utanfrå på studiekvalitet også. Det vil vere nyttig for søkarar og eit insitament til å forbetre seg studiestadane.

Nå skal det seiast at portalen verkar noko uferdig enno. Mellom anna går det ikkje klart fram at det berre er masterprogramma som er lista opp for universiteta. Den som vil ta master i geofag hjå oss skal søke opptak på eit av bachelorprogramma “Geofag: Geologi, geofysikk og geografi” eller “Fysikk, astronomi og meteorologi”. Det er karakterkrava for desse som er relevante for opptak. Vidare er bakgrunnsdata frå kandidatundersøkingane ikkje detaljert ned til studieprogramnivå – det ser ein til dømes av at nesten alle studieprogram innan realfag på UiO har 91.4% av kandidatane i relevant arbeid etter eit halvt år, med ei månadsløn på 31 263 kr.

Det sagt, så ser vi at realfagsprogramma på UiO ligg svært høgt i nasjonal samanheng på alle kvalitetsindikatorar, så for den som vil ha ein spennande studieplass og vere sikra relevant arbeid etterpå er dette sikre valg!

THE universitetsranking 2011/2012

Times Higher Education si årlege universitetsranking er no publisert. Universitetet i Oslo er med denne gongen, etter å falle ut i fjor på grunn av feilrapportering. Vi tek plass 181 – ei heiderleg Birken-plassering, men eit godt stykke frå toppen. Best i Noreg, men med åtte nordiske universitet føre oss – Karolinska Institutet, Lund, Uppsala, Helsinki, Aarhus, Stockholm, København og DTU. Karolinska er i ei særklasse, men det er nå også eit spesialisert medisinsk universitet. Dei andre er innan rekkevidde når det gjeld poeng. Lund har 57.9, København 49 og UiO 43.6. Dei tre kategoriane som tel tungt er undervisning, forskning og siteringar (på forskningspublikasjonar). København slær oss til dømes på undervisning og siteringar, medan UiO er betre på forskning. Sjølv om vi er ein veslebror mellom hovudstadsuniversiteta i Skandinavia kan vi trøyste oss med at det går framover – etter rapporteringsfadesen i fjor har THE etterrekna UiO sitt resultat, og kjem til at det ville ha helde til plass 186.

Heile rankinga finn du her.

Vilhelm Frimann Koren Bjerknes

Vilhelm BjerknesVi har feira 150-års dagen til Vilhelm Bjerknes – fysikkprofessoren som gjorde meteorologi til vitskap, og bygde opp ei operativ vêrteneste for Vestlandet. Historia om Bjerknes er i høve jubileet fortalt mellom anna i Aftenposten og Bergens Tidende, og Wikipedia har solid omtale av han, det samme har Store Norske, så det er knapt naudsynt gå i detaljar her. Av enkelte oppslag i høve jubiletet kan ein få inntrykk av at han er gløymt. Det er langt frå slik. Google gjev 540 000 tilslag på namnet hans, og han er nok den norske geovitaren som er best kjent internasjonalt.

Det er mange fascinerande sider ved Bjerknes. Ei er sjølvsagt at han brukte sin sterke teoretiske kunnskap i fysikk til å revolusjonere meteorologien – det visar verdien ved å gå på tvers av og bryte ned faglege grenser. Så må han ha vore ein strålande formidlar – eit foredrag i Washington DC i 1904 gav han støtte til to assistentar frå Carnegie Institution i over 30 år, og kronikkar i Aftenposten om nye prinsipp for vêrvarsling og eit kort møte med statsmininster Gunnar Knudsen skaffa løyvingar til å bygge opp eit meteorologisk observasjonsnett. Ikkje mindre imponerande er evna hans til å velge ut flinke assistentar og løfte dei fram. Resultatet var at dei, og så elevane deira vidareutvikla meteorologi til det kunnskapsnivået vi har i dag. Bergensskulen vart eit internasjonalt omgrep innan geovitskapane, og det går ei direkte linje frå Bjerknes til dei fremste forskarane innan fagfeltet no. Slik er det også i dag viktige lærdomar å hente frå Vilhelm Frimann Koren Bjerknes – om verdet av tverrfagleg virke, om nytten av forskningsformidling, og om å ta vare på etterveksten.

Biletet: Overbibliotekar Live Rasmussen kronar Vilhelm Bjerknes ved opninga av det nye Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes hus.

Over skyene med THORPEX

BAMSEin sentral publikasjon frå International Polar Year-prosjektet THORPEX-IPY: “Improved forecasting of adverse weather in the Arctic region – present and future” er forsideoppslaget på det velrennomerte tidskriftet Bulletin of the American Meteorological Society (BAMS) 2011/11. Artikkelen er “The Norwegian IPY–THORPEX: Polar Lows and Arctic Fronts during the 2008 Andøya Campaign”
J. E. Kristjánsson, I. Barstad, T. Aspelien, I. Føre, Ø. Godøy, Ø. Hov, E. Irvine, T. Iversen, E. Kolstad, T. E. Nordeng, H. McInnes, R. Randriamampianina, J. Reuder, Ø. Saetra, M. Shapiro, T. Spengler, H. Ólafsson. Godt levert!

Jörn Thiede heidra

Jörn ThiedeProfessor Jörn Thiede har fått Den norsk-tyske Willy-Brandt-stiftelsens sin pris, Willy Brandt-prisen, for 2011, saman med journalisten Therese Bjørneboe. Prisen vert kvart år delt ut til ein tyskar og ein nordmann som har gjort ein særleg innsats for å utvikle dei norske-tyske forbindelsane. Les meir om prisen her.

Jörn Thiede født i 1941, er paleontolog av utdanning, og var direktør ved Alfred Wegener Institut für Polar- und Meereskunde i Bremerhaven frå 1997 til 2007. Han har dei siste åra særleg arbeidd med å få etablert ESFRI-prosjektet Aurora Borealis, ein stor fellesfinansiert forskningsisbrytar. Han var universitetslektor/førstelektor ved UiB frå 1973-1975, professor i historisk geologi ved UiO 1977 til 1982, og har hatt tett kontakt med det geologiske miljøet i Norge sidan, mellom anna har han vore professor II ved UNIS.

Jörn kjem til UiO 8. februar i høve Alfred Wegener-seminaret.

Helge reddar klimaet med krystallar

Helge på labbenDagens Næringsliv har i DNtalent-delen av nettavisa si plukka opp spennande resultat frå CO2-lagringsforskninga til instituttet. Helge Hellevang frontar saka, som gjeld krystallvokster av CO2 i geologiske lagringsmiljø. Dette er resultat av eksperimentelt arbeid i SUCCESS – forskningssenter for miljøvenleg energi. Les meir her.

Utgangspunktet for oppslaget i DN er artikkelen på heimesida vår, med den litt meir nøkterne tittelen CO2 danner krystaller

Alfred Wegener og kontinentaldriftteorien

KontinetaldriftAlfred L. Wegener (1880-1930) var ein av dei verkeleg store forskarane innan geofag – meteorolog, geofysikar og polarforskar. Han hadde viktige arbeid i meteorologi, mellom hadde tre vitskaplege ekspedisjonar til Grønland, og døydde under overvintringsekspedisjonen på Eismitte i 1930. I 1912 lanserte han teorien om at kontinenta var restar av eit urkontinent, ut frå samfallet mellom kystkonturane og geologiske og paleontologiske overeinsstemmelsar. Den 6. januar dette året presenterte han synspunkta sine i Geologischen Vereinigung i Frankfurt am Main, til stor berstyrtelse. Det er kanske ikkje overraskande at ein 31 år gamal meteorolog var møtt med mistru når han ville omvelte geologien. Han lot seg ikkje stoppe av det, og april samme år publiserte han teorien i artikkelen “Die Entstehung der Kontinente” i det respekterte tidsskriftet Petermanns Geografische Mitteilungen og seinare på året i Geologische Rundsehau. I 1915 kom hovudverket “Die Entstehung der Kontinente und Ozeane”, utgjeve i fire utgåver fram til 1929. Kontinentalteorien fekk stor motbør frå etablerte geologar, mellom anna fordi drivmekanismane var langt på veg ukjende. Fyrst på 60-talet fekk teorien fullt gjennombrot som platetektonikk, støtta av nye funn mellom anna innan paleomagnetisme, og forståing av mekanismar som mantelkonveksjon og sjøbotnspreiing. Det seier noko om dimensjonane til Alfred Wegener at samtidig som har arbeidde med kontinentaldriftteorien ga han i 1911 ut “Thermodynamik der Atmosphare”, som er eit av hovudverka innan meteorologi.

geoforskning.no heidrar 8. februar Alfred Wegener med eit seminar i Helga Engs hus på Blindern. Seminaret er ope for alle og gratis. For program sjå her.

Neste side »



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.